Kontakt oss:

Adresse: Uskedalsvegen 576

5463 Uskedalen

Telefon: 408 47 387

E-post:rabben@rabbencamping.no

  • Sommerstrand
    Fine bademuligheter.
    Sandbanke ved fjære sjø.
  • Resepsjonen
    Dette er innganger til resepsjonen.
    Vi tar kontant betaling, kort og kredittkort.
  • Rabbestykket
    Utsikt frå Stensletta
  • Badestrand
    Utsikt frå elveosen ved badestranda.
    Elva dreg med seg fin sand fra dalen, og sandbanken veks år for år.
  • Elvefiske
    Uskedalselva er ei god fiskeelv.
    Godt vær for fiske i elva.
  • Fisketur
    Ut for å fiske.
    Fam Brömel til fiskefeltet.
  • Fisketur
    Utleigebåt.
    16 fot Askeladd, 25HK Tohatsu

Velkomne til Rabben Feriesenter i Uskedalen

Rabben Feriesenter ligg i Uskedalen, midt i Kvinnherad kommune, mellom Rosendal og Husnes. Her har det vore drive campingplass sidan 1970, og me vil framleis by ferierande, reisande og pendlarar høvelege og billege opphald.

Med campingplassen som base er det kort veg til sjø, elv, skog og fjell. Fjelltoppar på 1200 meter ligg nokre timars gange unna. Uskedalselva renn ut i fjorden ved sandbanken og campingplassen sin eigen badestrand. Elva har vore ei god aureelv, men no er det og mykje laks i elva. Sjå Elveguiden for meir info om elvefiske.

Sjå video frå plassen vår.

© Camilla M. Heggøy

Fasiliteter

  • Tilgang til grillplass med gassgrill
  • Trådløs Internett
  • Tømestasjon for septik
  • Kiosk med sal av mellom anna "Klatrefører for Uskedalen"
  • Sal av heimestrikka plagg i kiosken
  • Badestrand
  • Fileteringsbord
  • Frysebokser for fisk
  • Leikeplass
  • Felleskjøkken med oppvaskbenk, steikeovn, induksjonstopp.
  • Vaskemaskin for tøy, tørketrommel

Uskedalen

Uskedalen er ei lita bygd med omlag 1.000 innbyggjarar. Området bygda ligg i heiter Sunnhordland, og fjorden utanfor er byrjinga på Hardangerfjorden.

Bygda har SPAR daglegvarebutikk med opningstider 08:00 til 22:00 kvardagar, og 09:00 til 20:00 laurdag. Bygda har og mellom anna blomebutikk, frisør, bilutleige, vaskeri, bensinstasjon, trelastlager. Sjå Uskdedalen utvikling for meir info.